Karsten Flem AS


ADVERTISEMENT

ADVERTISEMENT

Karsten Flem AS
Address: Gnr 9 Bnr 47, 6293 Longva, Norway
Phone: +47 70 20 84 60

Karsten Flem A/S
Som ein del av ekskursjonsplanen på Flem skule tok 7. klasse turen til fiskeribedrifta Karsten Flem A/S på Flem. Vi vart møtte av Karsten Stig Flem som er eigar av bedrifta. Han skulle vise oss rundt.

Det var veldig interessant å sjå korleis ei moderne fiskeribedrift arbeider med fisken. Bedrifta eksporterer sild, makrell og klippfisk til land som t.d. Russland, Ukraina, Polen, Brasil og Portugal. Vi fekk følgje prosessen der ein lagar klippfisk av torsk eller sei. Det startar med at fisken vert levert, for så å verte flekt, vaska, salta, tørka og til slutt pakka og lagra i store fryselager. Det går ein del salt med når det skal lagast lake, og saltet kjem i 1000 kg-sekkar. På moro vart heile klassa vegd på ein gong. Vekta viste 625 kg, så dei vog på langt nær så mykje som ein saltsekk:). Takk for omvisninga til Karsten Stig.


ADVERTISEMENT

ADVERTISEMENT

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.