Hardanger Fiskeforedling AS
|Hardanger Fiskeforedling AS
Address: Båtavika 30, 5630 Strandebarm
Telefon: +47 56 55 00 40
Fax: +47 56 55 00 49
E-post: firmapost@hafisk.no
Daglig leder Knut Roger Sivertsen
Telefon: +47 48 89 00 35
E-post: knut-roger@hafisk.no
Produksjonsleder: Britt Norunn Tveit
Telefon: +47 97 58 17 83
E-post: britt.norunn@hafisk.no
Website: http://www.hafisk.no
Hardanger Fiskeforedling AS (HAFI) er eit lakseslakteri som ligg i Strandebarm i Kvam herad, og vart etablert i 1986 av lokale oppdrettarar i Hardanger. HAFI er i dag eigd av to lokale oppdrettarar, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS, i tillegg til eksportfirmaet Norway Royal Salmon ASA. Bedrifta slaktar og pakkar laks og aure for selskapet sine eigarar og andre oppdrettarar på Vestlandet.
I tillegg frys og pakkar bedrifta laks og aure for eksport, som sender fisk frå Hardanger rundt heile jordkloden. I 2013 slakta HAFI vel 15.500 tonn fisk, noko som tilsvara over 75 millionar middagar.
Den faste arbeidsstokken på HAFI utgjer 35 årsverk.
HAFI omsett i 2013 for ca. 56 millionar kroner.
Med den prognosen som ligg til grunn for 2014, vil omsetninga auka til ca. 60 millionar kroner. HAFI har de siste årene vore gjennom ein betydeleg opprusting når det gjeld den bygningstekniske delen av anlegget. Det vart i denne perioden gjort investeringar for i overkant av 15 millionar kroner.
På bakgrunn av at HAFI ønskjer og nytta seg av leverandørar med tilknyting i Hardanger, gjekk investeringar for 8-9 millionar til lokale bedrifter. HAFI foretok i 2012 investeringar for ytterlegare 15 millionar kroner, og lokale bedrifter hadde også då nytte av denne investeringa. Investeringa hadde fokus på tiltak som gjev produksjonen meir rasjonell og som gjev ein kapasitetsauke.
Etter at dei samla investeringane på over 25 millionar kroner vart fullført, er HAFI eit moderande, rasjonelt og konkurransedyktig slakteri med sterk lokal tilknytning.
Alt frå rognstadiet har fisken sin eigen CV. Denne fylgjer fisken i heile kjeda fram til han havnar på matbordet. Hardanger Fiskeforedling AS har fokus på at fisken skal vera sunn og god mat, internkontroll blir heile tida revidert av Mattilsynet. Vetrinær og Mattilsynet har inspeksjonar/prøvetaking og tilsyn med oppfølging av regelverk. Denne strenge kontrollen og tette oppfylgjing av fisken gjennom heile prosessen skal sikra at kvaliteten på produktet du finn i butikken skal vera best mogleg.