Bremnes Seashore AS


ADVERTISEMENT

ADVERTISEMENT

Bremnes Seashore AS
Address: 5430 Bremnes, Norway
Tel: +47 53 42 82 00
Fax: +47 53 42 82 01
E-post: bremnes(a)seashore.no
Websit: http://www.seashore.no

Kvalitet

Trygge produkt.
Me ønsker å ha trygge gode produkt og ein produksjon me kan vera stolt av både i høve til tilsette, fiskevelferd, miljø og berekraft.  Får å få dette til arbeider me med kvalitetssikring.   I dag  er me sertifiserte etter kvalitetsstandardane GlobalGap og BRC.  Globalgap gjeld for oppdrett og BRC for prosessanlegg for næringsmiddel.  Dette er internasjonale standardar som  krev at du kvalitetsikrar i høve til trygg mat, HMS  (helse, miljø og sikkerhet) for tilsette, fiskevelferd og miljø.  I tillegg  følgjer me krav som styresmaktene  og  kundar stiller til oss.  Me har mellom anna innført IK-akvakultur på alle oppdrettslokalitetane våre og innført egenkontroll inkl. HACCP ved prosessanlegga våre.  Me følgjer krav sett i konsesjonar og  utsleppsløyver.

Kontroll og overvaking av produksjonsprosessane.
Mikrobiologiske og kjemiske analysar av produkt, produksjonsutstyr og vatn blir utført i følgje ein eigen kontrollplan. Temperaturmålingar og kontroll av reingjering er også med på å sikra produktkvaliteten. Måling av kvalitetsparametrar som kvalitetsgradering, farge og feittinnhald hjelper oss å produsera fisk med jamn kvalitet og i samsvar med kundespesifikasjonane.

Me må ha rett kompetansen for å gjera ein best mogleg jobb.
Dyktige og engasjerte medarbeidarar er ein føresetnad for å kunna produsera varer av høg kvalitet. Mange av våre tilsette er fagarbeidarar innan fiskeindustrifaget og akvakulturfaget. Nye tilsette får ei innføring i hygiene og HMS (helse, miljø og sikkerhet i tillegg til dei aktuelle produksjonsoppgåvene.

Meir plass og trivsel for alle.
Ein viktig faktor for å lukkast med lakseoppdrett, er å ta omsyn til fiskevelferd og fiskehelse. Me har derfor investert i større merdar og djupare nøter. Dette gir mykje betre plass til laksen. I tillegg kan laksen velga kor djupt i sjøen han ønskar å vera. Laks likar seg best i temperaturar mellom 6 og 14 grader. Om sommaren er det for varmt i dei øvre vasslaga, og om vinteren for kaldt. På djupare vatn er temperaturen meir passeleg. Me gir laksen muligheit til å vandra der han trivest best.

Produksjon
Frå laksen sym i kaldt sjøvatn til han er ferdig pakka, tek det maksimalt 4 timar. Den unike prosessteknologien mogleggjer foredling av superfersk, skinn og beinfri SALMA – eit produkt med flott farge, god kjøtkvalitet, fast konsistens og god smak.


ADVERTISEMENT

ADVERTISEMENT

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.